Det kjem vel med at ein har lokal matvarebutikk i Uskedalen. Det fekk Friluftslager erfara på 17. mai. Berre etter ein halv times sal, var det tomt for is og brus i kiosken. Rask handling førte til etterforsyning frå SPAR. Dermed kunne ein halda fram med det populære is-og brussalet. Tormod Myklebust og Åse Neset hadde det travelt med etterforsyning og sal.

Idrettslaget måtte gje seg på tap for Bondelaget på tautrekkinga.

Tautrekkinga mellom Bondelaget og Idrettslaget førte til siger for Bondelaget. Idrettslaget måtte gje seg på tap. Uskedal skulemusikk med dirigenten Nils Rainer Vågen hadde fleire innslag, mellom med tonefylgje til Nasjonalsongen Ja, vi elsker.

Etter salutt og flaggheising er gudsteneste i kyrkja eit fast innslag på 17. mai i Uskedalen. Liturg: Kjetil Kringebotten. Organist: Rebekka Attramadal. Kosong ved Røysterett for Alle med sin dirigent Maria Malmsten.

Den årlege tradisjonen med at Røysterett for Alle syng til opning av gudstenesta.

Therese Bondhus hadde tale for dagen og blomenedlegging. Referat kjem i eige innslagg.

Flaggborg og folketog på veg opp til Stemneplassen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal