Fint ver, mykje folk, salutt, tale for dagen, musikk, leikar for born og vaksne, rømmegraut, is og brus og ei perfekt gjennomføring frå morgon til kveld. Salutten frå Skorpo må seiast å vera historisk. Det er fyrste gongen det har vore avfyrt salutt på Skorpo. Andreas Håvik var sprengingsleiar. Ladninga vart plassert i fjellveggen like ved vassflata. Ein måtte bruka klatrarutstyr for å få alt på plass. Brannfaren i skog og utmark var avgjerande for denne løysinga.

Klargjering til salutt, avfyrt frå Skorpo.

Meir frå den vellukka dagen kjem i eigne innlegg no i pinsehelga. Ikkje alt vert dekka, men eit utval.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Dorota Wojcik/ Knut Olav Myklebust