Stemneplassen er tilbake i 17. mai programmet med tale for dagen, blomenedlegging, tautrekking og is- og brussal.
Styringsgruppa og programnemnda har lagt Stemneplassen sterkare inn i markeringa av Grunnlovsdagen, Etter gudstenesta og samling ved Bautasteinen vil folketoget gå til Stemneplassen. Her vert det tale for dagen ved Therese Bondhus og blomnedlegging på krigsminnesmerke. Skulemusikk spelar og det vert tautrekking mellom Bondelaget og Idrettslaget. Uskedal Friluftslag står for sal av is, brus og kaffi, alt til kr. 20,-pr. eining. Alt dette skal gjennomførast på ein time, frå kl. 13 til kl. 14. før folketogen går vidare til Aktivitetshuset og skulen. Bilete syner Åse Neset og Kristian Bringedal som har kjøpt inn og fått på plass is, brus og kaffi.
Styret i Uskedal Friluftslag ser fram til å syna fram det vakre friområde. Det er rydda, slege gras og planta i krukkene. Ny trapp frå grasmatta og opp på scenen er på plass. Neste store prosjekt er betre parkering og veg.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Thor Inge Døssland/ drone Hans Ordin Østebø