Det vert jobba med klargjering til Grunnlovsdagen 17. mai på fredag, Alt skal vera rydda og fint. Lag, organisasjonar og verksemder har kvar på sine plassar vore på dugnad for klargjering. Vermeldingane er stråande og slik det ser ut no, kjem Uskedalen til å framstå på sitt beste. Her er nokre observasjonar frå den siste veka:

Her vert det vaska og spyla ved Helgheim.
  • Det er vaska og rydda ved Kvinnherad Vekstbedrift. Det er luka og tynna i blome- og staudebedda.
  • FAU har vaska og raka lauv. Kostemaskin frå Musland Maskin har vore i arbeid.
  • Plenstlått ved Kunstgrasbanen og ved Gamleskulen
  • Koste- og sopemaskinen har vore i arbeid i sentrum, på kommune- og fylkeskommunale vegar. Det er kosta på parkeringsplassen ved Grano.
  • Uskedal Friluftslag har gjennomført to ryddedugnader, før 8. mai og no til 17. mai.
  • Det er vaska og rydda ved Helgheim.
  • Elevar frå Uskedal skule i samarbeid med SPAR plukkar bos i sentrum, ved butikken og i båthamna.
Den kommunle plenen ved Gamleskulen og Thaivogna er nyslegen og fin til 17. mai.




“Mannen med ljåen” dukkar opp og tek kantslåtten i dei brattaste bakkane.




Trufaste hjelparar møter fram til dungad på Stemneplassen kvart år.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: FB Uskedal ungdomslag/Kristian Bringedal