Uskedal Friluftslag inviterer til dugnad på Stemneplassen, tysdag 14. mai kl. 17.00. Arbeidet gjeld klargjering til 17. mai. Plassen skal brukast til ein del av festprogrammet med tale for dagen, blomenedlegging på minnesteinen, tautrekking og sal av is, kaffi og brus. Det meste av arbeidet er alt gjort i forkant av 8. mai markeringa. Bilete er frå dugnaden i 2022. No gjeld det:

  • Slå graset under benkene og slå heile plassen til slutt
  • Raka og rydda
  • Planta i krukkene
  • Planta eføy i skråningen ned mot vegen

Ta med rive, Nokre tek med spade. Det vert kaffi og noko lite å bita i. Velkomne.

Tekst: Uskedal Friluftslag
Foto: Arkiv
Nett: Kristian Bringedal