I bakgarden på Eik finn vi det vi kan kalla ein sansehage. Det som skal til er lys, lukt, sterke fargar, planter og elvesus i eit vakkert landskap. Smak og lukt er ein viktig del av opplevinga. Alt dette og meir til finn vi hos Else Marie og Nils Bjarne Eik bak garasjen i elvejuvet på Eik. Her finn vi prydplanter og nyttevekstar, alt frå poteter, gulerot, rabarbra, løk, bringebær, rips til jordskokk, stauder og buskar. Målte steinar med figurar gjer det heile fargerikt og kreativt. Potetene er planta i bøtter, også i gamle potetbøtter. Alle installasjonane er gjenbruk. Den sterke elvesusen gjer det heile dramatisk, særleg når Eikeelva er stor. Sansehagen i bakgarden på Eik er eit syn. Kjenner vi eigarane og vertskapet rett, er det sikkert lov å ta ein tur for ei synfaring.

Poteter i gamle potetbøtter.
Rabarbra høyrer med.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal