Aktivitetshus, Artikkel, Kultur, Kyrkje og kristenliv, Røysterett for Alle, Skulemusikk og Musikklag, Stemneplassen
17. mai 2024 - Tale for dagen ved Therese Bondhus.
17. mai programmet er lagt ut for sal på SPAR og på Gros`s blomster. Therese Bondhus har talen for dagen. Therese har tidlegare vore tilsett i Teigen Bygg, frå våren 2020 var ho dagleg leiar. I dag er ho tilsett i Reco, med fast kontor i Oslo, som HMS ansvarleg for mange avdelingar i Noreg. Stemneplassen er tilbake i programmet med festprogam kl. 13.00 til kl. 14.00 før folketoget går vidare til skulen og Aktivitetshuset.
Her kjem eit utdrag:
- Kl..07.00: Salutt
- kl. 11.15: Gudsteneste med innslag av Røysterett for Alle
- kl. 12.30: Minnemarkering ved Bautasteinen med 5. klasse si opplesing av diktet Bautasteinen av Olaf Agnar Gausvik. Kransenedlegging. Uskedal Musikklag er med.
- Kl. 12.45: Folketog til Friluftsplassen via Båthamna og Rabben Camping
- kl. 13.00: Festprogram på Friluftsplassen med tale for dagen, blomenedlegging på Krigsminnesmerke og tautrekking. Styret for Uskedal Friluftslag vil stå for sal av is, brus og kaffi
- Kl. 14.00: Folketog til skulen og Aktivitetshuset
- Kl. 14.30: Festprogram med innslag av Uskedal Musikklag og Uskedal skulemusikk. Leikar på skuleplassen. Sal av mat og drikke. Trekking av gevinstar.
Detaljar finn du i programmet som er å få kjøpt på SPAR og på Gro`s Blomster. Progamma er nummerert. Kjøp program og du er med i trekkinga av mange fine gevinstar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat/ Arkivfoto