Uskedal sokneråd inviterer til konfirmantjubileum. Invitasjonen går ut i desse dagar. Det kan ta litt tid å nå alle. Dersom du les dette, men ikkje mottek brev innan ei veke, meld frå til Eli Roseth Eik. E-post: elireik@hotmail,com. Telefon: 957 86 228. Konfirmanthelga 5. og 6. oktober vert gjennomført etter den malen ein har brukt dei siste 15 åra. Samlinga er annankvart år.

Laurdagen:

  • Samling v/ Gamleskulen kl. 15.00: Bygdevandring/busstur i Uskedalen
  • Etter rundturen går vi på kafe. Sosialt samvere – konfirmantbilete

Sundagen

  • Gudsteneste i Uskedal kyrkje
  • Middag på Vertshuset Perla: Helsingar og andre innslag

Soknerådet legg mykje arbeid ned i førebuing og gjennomføring av konfirmanjubileet. I andre sokner er det som oftast berre ei kort samling på sundagen. I Uskedalen går samlinga over to dagar. Mange reiser langt og vil bruka meir tid på møte med konfirmantkullet sitt.

Kven er jubilantar i år ?

  • Dei som vart konfirmerte 1943 og 1944: 80 års jubilantar
  • Dei som vart konfirmerte 1953 og 1954: 70 års jubilantar
  • Dei som vart konfirmerte 1963 og 1964: 60 års jubilantar
  • Dei som vart konfirmerte 1973 og 1974: 50 års jubilantar
Arkivfoto frå festmiddagen for to år sidan.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto