I dag, onsdag 1. mai, gjer ordførar Vegard Bjørnevik og Tormod Myklebust, seg klar for avreise til Ukraina med hjelpesending. Med på turen er også Grenda og to sjåførar i to mindre bilar. Etter innsamling og opplasting i Kvinnherad måndag i denne veka er THK trailaren klar for ombordkøyring i Fjordline si ferje til Hirtshals. Kontoret i Haugesund har hjelpt til med alt det formelle med løyve og billettar. Ordførar Bjørnevik vil dela på køyringa saman med Tormod Myklebust.

Med god hjelp minkar det fort i haugen på lageret i Uskedalen.

Ein fullasta THK trailer har plass til 1200 sekker med sko, klede, teppe, barneleiker og mykje anna. Frå vaskeriet på Valen har dei med sengetøy. Med på lasset er også heile 15 paller frå Aker Soloutions på Stord. I kassane er det verkty og nyare arbeidsklede. Petol på Husnes har sendt med brannteppe, bandasje, plaster og anna sanitermateriell.

Ordførar Vegard Bjørnevik er klar for avreise til Ukraina.

Elles er det med sveiseapparat, madrasser, sager, barnevogner og ikkje minst barnesete for bruk i privatbilar.

Tormod Mykleust er heime att 13. mai. Det tek tid når ein skal finna returlast i Polen.

Dett er “heimen” til ordføraren og Tormod Myklebust dei neste dagane.
Tekst/foto/nett: Kristin Bringedal