![](https://uskedalen.no/content/uploads/2024/04/Vonheim-gave-1-1000x715.jpg)
No kjem det hjartestartar på Vonheim.
Med gåve frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad vert det kjøpt inn og montert hjartestartar på Vonheim. Det kom fram på gåveutdelinga til stiftinga i kveld. Møyfrid Kristoffersen og Monica Antonsen representerte Haugland- og Musland Grendalag og dermed forsamlingshuset Vonheim. Hjartestartaren har ein kostnad på kr. 30 000,- og vert montert ute på veggen. Den skal kunna nyttast av alle ved ei kritisk hending som hjartestopp. Med bakgrunn i forenkla søknad vart Vonheim også tildelt ei gåve på kr. 30 000,- til brunn. Meir frå gåveutdelinga kjem i eigne innlegg.
![](https://uskedalen.no/content/uploads/2024/04/Vonheim-hjarte-756x1024.jpg)
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal