Nynorskstipend til Øygunn Leite Kallevik, frå Uskedalen.
På Landsmøte i Noregs mållag er Øygunn Leite Kallevik frå Uskedalen tildelt eit stipend på kr. 50 000,-. Øygunn representerer Medisinsk mållag og ho jobbar med legerådgjeving. Stipendet skal gå til arbeidet hennar med å laga ei journalbok på nynorsk for legar. Øygunn kjem frå Leite på Steinsletto i Uskedalen. Ho er gift Kallevik og har to jenter. Ho fortalde i helsingstalen sin at for nokre år sidan fekk ho kreftdiagnose og har hatt tøffe år med behandling. Ho er samfunnsdebattant, har eigen blogg og skriv kronikkar og innlegg fleire riksaviser. Uskedalen.no føl opp denne saka seinare i dag med meir info og bilete. Saka er no oppdatert med bilete.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kvinnherad mållag - Øystein Skjæveland