Gangbanar og klopper på Flåtene og på Kleppmyrane.
Dugnadsgruppa har lagt ut gangbanar og klopper nokre plassar der stien går i myr- og våtområde. Det er mellom anna gjort på Flåtene ved brua over Eikeelva og på Kleppmyrane på Hauglandsfjellet. Materialane er komne på plass ved bruk av ATV. Til saman er det lagt ut nokre hundre meter med gangbanar. Det er klargjort for tilsvarande installasjonar nokre plassar til. Redaksjonen var usikker på dei rette namna. Klopp er ei lita gangbru over ein bekk, ei lita elv eller over våtlendt terreng. Det kan også vera ei lita trapp.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal