![](https://uskedalen.no/content/uploads/2024/03/Paskefest-pa-Skorpo-1-1000x715.jpg)
Den årlege påskefesten på Skorpo er alltid like populær.
Fastbuande, hyttefolk og andre påskegjester på Skorpo held på tradisjonen med påskfest på påskeafta. Samlinga er i tunet hos Marit og Oskar Langballe, på flata ved flaggstanga der gamlehuset stod. Det er mellom anna lagt opp til grilling, middag og påskerebus. Det vart ikkje tur til Skorpefjellet i år. Årsaka var dårleg ver. Rebusen går ut på å finna Påskeharen. Alle er inndelte i grupper og det er premiering etter middagen. Deltakartalet i år var noko lågare enn i fjor.
![](https://uskedalen.no/content/uploads/2024/03/Paskefest-pa-Skorpo-3-1024x694.jpg)
![](https://uskedalen.no/content/uploads/2024/03/Paskefest-pa-Skorpo-2-1024x905.jpg)
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Reidar Gramstad