Laurdag såg Fjelly gjengen at vêrmeldinga for palmesøndag var strålande, kva med å lage til ein pop-up-cafe på Fjelly? Laurdag ettermiddag og kveld vart det annonsering på FB og uskedalen.no.

Fint med snø rundt hytta

Fjelly gjengen fylte sekkene med ingrediensar til ulike bakverk, nye omnen måtte jo testast 😊 Forventningane om besøk var ikkje så høge på førehand, men allereie 11.30 var dei første gjestene på plass. Etter oppteljing i gjesteboka hadde det vert 25 innom cafe Fjelly.

Første gjengen kosar seg i påskesola

På menyen var det mellom anna muffinskake og eplekake steikt i nye vedomnen på Fjelly. I tillegg var det både tørre og ferske vaflar. omsetninga gjekk godt, men sidan det ikkje er dekning ved Fjelly, vart dette ein samvittighets-cafe. Vippsnr. til Fjelly/Ungdomslaget er 572076. 🥰 Alt går sjølvsagt til hytta 🥰

Første kake steikt i den nye vedomnen

Med strålande sol og mest heilt vindstille, vart det flott påskestemning ved Fjelly i dag, drøsen gjekk godt rundt borda ute på tunet, nokre hadde også funne benken i sørveggen.

Flott påskestemning på pop-up-cafe Fjelly

Fjelly gjengen vil nytta høve å retta ei stor takk til Karsten Haugland for bæring og Pål Haugland for  transport av nye batteri til Fjelly. I dag fekk vi også køyrt ned dei gamle batteria.

Kjekt å få snøscooter transport av batteri

Stor takk også til Mari Haugland for den store boksen med tørre vaflar, ho lag til kafeen i dag.

Spontan pop-up-cafe på Fjelly vart ein suksess, Fjelly gjengen takkar alle som tok turen til Fjelly i dag.

Flotte ski og truge tilhøve på Hauglandsfjellet
Tekst/Foto/Nett: Hans Ordin Østebø