Påskequiz - del 1.
Som tidlegare meldt samarbeider SPAR Uskedalen og Uskedalssida om påskequiz der SPAR står for premieringa. Vi har valt å dela quizen i to deler. Første del blir hermed publisert medan del 2 kjem på påskeaftan. Det blir premietrekning rett etter påske, og alle som har meir enn 90% rette svar er med i trekninga av hovudpremien. Derfor er det viktigaste å delta, kosa seg med oppgåvene, gjerne fleire som lag. De treng ikkje nødvendigvis svara rett på alt for å vinna. Alle svara må skrivast og sendast som epost til thordossland@gmail.com, som SMS til 932 88 237 eller på messenger (Thor Inge Døssland) innan 2. påskedag, eller de kan skriva svara på eit ark og levera på SPAR innan tirsdag 2. april kl.17.
Vi håpar at mange vil ha glede av oppgåvene og håpar at mange sender svara sine.
Her kjem oppgåvene i del 1:
Ordrebusar. Alle svara kan de få kjøpt på SPAR, og det kan vera ispedd litt bokmål.
- På Halsnøy + fuglelyd + fylle
- Marmor og malm + væske
- Går omkring
- Reiste + etterskrift
- Klode + frukt + verktøy + drikk +stoff
- Sterk skuldkjensle korv
- Led frukt
- Munning + drikk + likt
- Uttrykte doven
- 1 av 32 (vaksen) på bløtekaka
- Uthaldande skiløparar (to svar)
- Fleire føde
Ord og uttrykk. Skriv det rette svaret
13: Mushomla
- Nyttig insekt
- kornprodukt som blir brukt som råstoff til ølbrygging
- Dame som er lett på tråden
14: Å bia
- Å mata insekt
- Å venta
- Å svinga 90 grader
15: Å spika
- Å knusa
- Å spekulera
- Å forska
16: Smotta.
- Gylf på bukse (buksesmekk)
- Dyrefelle
- Lokal regnbyge
17: Sula
- Ei dame som snur døgnet
- Noko ein viklar hesjastreng på
- Ein propell
18:Rolpa
- Å tulla og tøysa
- Å slappa av på sofaen
- Ei lita hytte der ein kan slappa av.
19: Hamla
- Å pynta
- Å rydda
- Å ro baklengs
20: Skinnvengje
- Flaggermus
- Skjetatrast
- Fallskjerm/hangglider
21: Stump
- Brød
- Konsonantar vi ikkje uttalar
- Hund som ikkje kan bjeffa
22: Kluks/kluksa
- Høne som vil ruga på egga
- Dårleg å triksa med ball
- Klok, ung jente
23: Ein klyppar
- Spesialdesignar
- Ein dugande kar
- Spesiell hammar
«Den nære fortida» og anna bygdestoff.
24: Han køyrde melkebilen til Arne på Sanen fast i ca. 3 år.
- Olav Guddal
- Harald Nilsen
- Leif Matre.
25: Denne skulestyraren (rektoren) på Uskedal skule var lærar på skulen på Skorpo før han tok lærarutdanning.
- Gunnar Ulvenes.
- Jørgen Tunold
- Jon Holte
26: Ho er nyvald leiar i fotballgruppa i Uskedal Idrettslag.
- Ingebjørg Haugland
- Tina Skår
- Kristine Tveit
27: Han har lengst tid med dirigentpinnen i Uskedal Skulemusikk.
- Sigurd Wang
- Bård Ljosnes
- Tor Skeie Olsen
28: Hjørdis Nilsen Holgersen hadde mange søsken. Kor mange eldre søsken hadde ho?
- 5 eldre søsken
- 6 eldre søsken
- 7 eldre søsken
29: Den første firhjulstraktoren kom til Uskedalen i dette året.
- 1949
- 1950
- 1951
30: Strandstafetten var eit stort arrangement i Uskedalen kvar 1.mai i mange år. Desse to kan kallast «foreldra» til dette storarrangementet.
- Torfinn Myklebust og Harald Sunde
- Torfinn Myklebust og Birger Myklebust
- Åshild og Knut Sjøwall
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland