Brødrene Hjønnevåg AS var i helga i Trondheim og henta heim medaljar i NM i sjømat. Marit Hjønnevåg, dagleg leiar, tok imot NM gull for peppermakrell og NM sølv for fiskepudding. Til uskedalen.no fortel Marit at det var stor stas å bli invitert til Trondheim. Det er alltid kjekt å konkurrera blant dei beste sjømatprodusentane i landet. Det er fyrste gong Hjønnevåg melte på peppermakrell som enda opp med gullmedalje i open klasse – industri. Dette er eit produkt Hjønnevåg har jobba mykje med og er godt nøgd med.

Marit kom heim frå Trondheim med to medaljar,

Hjønnevåg har produsert fiskepudding i meir enn 75 år. Oppskrifta er laga av Henrik Hjønnevåg som er bestefar til Marit og som ssaman med kona Karina starta verksemda i 1948.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hjønnevåg