Rustne Menn med program på tre institusjonar.
Rustne Menn er klar med allsongprogram på Optimisten ( Haslnøy ), Husnestunet og Rosendalstunet. I tillegg kjem det fast innslaget på Kafe Tiaren den siste tysdagen i månaden. Rustne Menn har også hatt innslag på temamøte i Uskedal helselag der ein fekk presentert tankar om korleis ein kan satsa meir på musikk, song og rytme i eit helsefremjande perspektiv. Vårprogrammet ser førebels slik ut:
- 13 mars: Optimisten
- 26. mars: Kafe Tiaren
- 03. april: Husnestunet
- 09. april: Rosendalstunet – saman med Uskedal helselag
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto