Full rulle i vinterferien.
Rulleparken og område rundt har vore populært i vinterferien med mange aktivitetar. Mest kvar dag har det vore born og ungdom på plass, også frå andre bygder. I rulleparken vert det brukt rulleskøyter, BMX sykkel, skatebrett og andre mindre syklar. Mange av foreldra er med og har tilsyn. Vinterferiegjester finn også vegen til Aktivitetsparken i Uskedalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal