Helselaget førebur den årlege basaren, sundag 14. april i Helgheim.
Uskedal helselag har starta arbeidet med den årlege basaren som i år går av stabelen i Helgheim, sundag 14. april kl. 16.00. Ein av gevinstane er ei bunadsskjorte som vert sydd ferdig når ein veit kven som er vinnaren. Helselagsbasaren er ein av fleire tradisjonelle basarar i Uskedalen. Det er alltid godt frammøte. Helselaget legg også opp til loddsal ved SPAR i tida framover.
Her er gevinstlista så langt. Meir kjem.
- Dokke med kle
- Traktor
- Bregdaband til Kvinnheradbunad
- Barnegenser 3 år
- Strikkateppe
- Gryte/ steikepanne
- Strikkaduk
- Oriflameprodukt – gåve frå Elin Legland
- Skrujernsett – gåve frå Br. Musland
- Gåvekort kr. 300,- gåve frå Friheim Gardsmat
- Blom – gåve frå Gros Blomster
Bondekompaniet er også på sponsorlista.
Lodda kostar kr. 10,- . Bruk VIPPS 5012091 eller konto 3460.20.50108
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Uskedal helselag