Intensjonsavtale om kjøp av eigedomen til Husnes Motor.
Dekkservice med Johannes Hjønnevåg som dagleg leiar har saman med Hagemeister Reset Bygg intensjonsavtale om å kjøpa Husnes motor sitt anlegg på Husnes. Hjønnevåg har etter flyttinga frå Uskedalen vore lokalisert på Bogsnes med si verksemd. I samtale med Kvinnheringen fortel Johannes at han no ser fram til å eiga grunnen sjølv og dermed få langt betre plass. Med i kjøpet er overtaking av noverande Husnes Motor sitt dekkhotell.
Det føreligg planar om utvida drift med fleire tilbod. Dekkservice Vest med sine to avdelingar i Kvinnherad har fire faste medarbeidarar. I den mest hetiske tida med dekksikfte haust og vår aukar talet tilsette til det doble.
Overtakinga er sett til 1. mai.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto