Lovsonggruppa i Zoar og kvartetten ÆRE kjem på Salmekveld i kyrkja. Kom du og !
I morgon, tysdag 20. febr. kl. 18.00 vert det mykje song og musikk i kyrkja då den halvårlege salmekvelden går av stabelen. Lovsonggruppa i Zoar frå Halsnøy er gjester. Kyrkjekvartetten ÆRE er med og seks personar har sendt inn salmeynskje. Alt dette vert gjennomført i bolkar og heile programmet er rekna å gå over 1,5 time. Det er gratis inngang, men høve til å gje ei gåve ved utgangen. Kom og ver med og syng kjære og kjende salmar frå tida på skulen og seinare i oppveksten.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto/ privat