Uskedal historielag vil samla inn foto og anna arkivemateriale frå Noregs ungdomslag si landsstemne i Kvinnherad 28. juni – 01. juli 1973. Det er truleg den største frilynde stemna som nokon gong har vore skipa til i Kvinnherad. Ungdomslaga Husnes, Uskedalen, Rosendal og Omvikdalen var tilskiparar saman med styret i landslaget. Bjørgulv Eik frå Uskedalen var leiar i hovudnemnda. Ståle Eik var med i innkvarteringsnemnda. Per Myklebust saman med Marit Sofie var aktive i bunadsarbeidet. Sjå bilete på topp. Årsmøte i Noregs ungdomslag var i Husnes samfunnshus, som det vart kalla den gongen. I Rosendal var det bunadstog og hagefest ved Baroniet. Hovudstemna og stemnegudstenesta var i Uskedalen. Jon Leirfall var talar. Elles var det mellom anna leik og dans, asfaltdans, Kvinnherad kveld ved fjorden i Dimmelsvik og skalkefest.

Framsida av programmet for NU stemna i Kvinnherad 1973.

Dersom du har arkivmateriale frå NU stemna i 1973, finn fram og send ei melding til Uskedal Historielag. Det kan vera:

  • Foto og film
  • Avisutklypp
  • Program
  • Notatar frå arbeid i nemndene
  • Brevskifte
  • Andre minne

Mobil: 915 31 487 – kristian.bringedal@gmail.com

Hovudstemna på sundagen var på Stemneplassen i Uskedalen. Jon Leirfall var talar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal