Gåve frå SpareBank 1-stiftinga til to prosjekt i Uskedalen.
Etter nyordninga til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad med forenkla og fortløpande søknader er det løyvd midlar til to prosjekt i Uskedalen. Maks søknadssum skal ikkje overstiga kr. 30 000,-. Med bakgrunn i søknad har to lag motteke positivt svar. Det er Uskedal historielag og Forsamlingshuset Vonheim.
- Uskedal historielag er løyvd kr. 28 000,- til teknisk utstyr som mellom anna skal brukast til skanning, registrering, fakturering og kontorteknisk arbeid.
- Forsamlingshuset Vonheim er løyvd kr. 30 000,- til brunn, for å sikra huset stabil tilgang på vatn til toalett, kjøkken og elles til sanitært anlegg.
Tekst/ntt: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto