Katt funnen og teken hand om i Myro.
Katten på bilete er funnen og inntil vidare teken hand om av Hildegunn Hansen i Myro. Det er ein hannkatt som har vore på tunet sidan før jul. Det er synd på katten. Den er full i klumpar i pelsen, og det ser ut som den har gått ute ei stund. Katten er tillitsfull, og har nok ein heim einkvann plass. Det er viktig at eigaren tek kontakt. Dersom ingen melder seg, vert det å ta kontakt med Stord kattevern. Hildegunn kan ikkje ta katten i hus då ho alt har to hokattar. Hjelp til med å finna eigaren. Mobil: 915 98 816
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat