Gjermund Fredheim har ein sentral rolle i musikklivet på Sunnhordland folkehøgskule.
Gjermund Fredheim er hovudlærer på musikklina på Sunnhordland folkehøgskule. Han er profesjonell klassisk gitarist og på juleavslutninga tidlegare i veka hadde han ein sentral rolle med tonefylgje og elevgrupper. Bilete syner Gjermund saman med lærarane Eli Hårklau og Silje Eide Dyrseth der dei mellom anna framfører Har du fyr av Ola Bremnes. Gjermund Fredheim er elles kjend frå norsk metal musikk. Han spelar med band som Taake, Orkan, Maidenheads og Fredheim/Kvasnes duo.
Tekst/foto/net: Kristian Bringedal