Nye skap på Stemneplassen.
Det skjer stadig ting på Stemneplassen, og det siste er at det er komme 3 nye låsbare skap under den digitale tavla på kortveggen i møtelokalet. Desse skal gje plass til trygg og god lagring for teknisk utstyr og anna. Uskedal Historielag har kosta to av skapa, medan Kvinnherad Sogelag har kjøpt eitt. Dermed er desse to laga sikra lagerplass til sitt utstyr, men skapa er gitt over i Uskedal Friluftslag si eige. Det er også kjøpt inn benkeplate til å ha over skapa. Denne nyinvesteringa til rundt 15.000 kr gjer at lokalet blir endå meir praktisk i bruk. Dette gjer at lokalet blir ein endå meir sentral base i arbeidet til både desse laga og andre.
Det er no 11 lag som betaler fast årsleige i lokalet, og det er også nokre som har sagt at dei vil flytta møta sine til Stemneplassen. I tillegg er det noko utleige til enkeltmøte og mindre arrangement. Lokalet har siste åra blitt bygt opp til å bli ein svært attraktiv møteplass midt i kommunen.
Skapa blei montert dei to siste torsdagskveldane av Audun Eik og Thor Inge Døssland. Dei er svært fornøgde med løysinga, og skapa tar seg fint ut i rommet.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland