Uskedal sokneråd inviterer til salmekveld i kyrkja i morgon, tysdag 10. oktober kl. 18.00. Uskedal musikklag, kvartetten ÆRE og kantor Eva Megyesi vert med. Hovudinnslaget er likevel programposten som vert kalla Salmeynskje. Seks personar har denne gongen meldt inn salmar ein ynskjer å syngja. Det kan vera med bakgrunn i ei hending i livet, ein kjær salme frå skule og oppvekst eller ein tekst som har gjort inntrykk. Dei innmelde salmane varierer frå eldre salmar som Sjå dagen sprett til nyare salmar som Rop det ut med hjertes jubel. Ny salme for mange er truleg Jon Fosse sin tekst Det finst ei jord som opnar opp. Det er også song til to av innslaga frå Veteranbandet. Den eine av dei blir framført etter ønskje frå to tilhøyrarar. Velkomne til ei gild og glad songstund i kyrkja.

Uskedal Musikklag er ein fast gjest på mykje av det som skjer i kyrkja.
Kvartetten ÆRE syng på salmekvelden i kyrkja.
Tekst: Uskedal sokneråd
Foto/nett: Kristian Bringedal