Alt kl. 10.00 i dag tidlg var det møtt fram kundar på garasjesalet i Korsnes. Marit Røssland er seljar og med seg har ho ein stab av frivillige som hjelper og syner fram den store samlinga av brukte gjenstandar. Det er alt frå møblar, krusety, messing, kopar, lampar, tekstilar, sport- og fritidsutstyr, bilete, sko, klede til mindre pyntegjenstandar, alt til ein rimeleg pris. Alt som vert seld, er plassert i kjellar, partytelt, garasje og garsjeloft. Det er gratis kaffi, saft og vafler. Plassen er skilta frå nedkøyrsla ved fylkesvegen og vidare fram til bustaden og garasjen i Korsnes Nord. Garasjesalet held fram i morgon frå kl. 12 til kl. 16.

Nøgde kundar har funne det dei vil ha.
Stor tilstrøyming frå heile Kvinnherad til Korsneset i dag.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal