Berre 37 røysta ( 5 % ) ved Kyrkjevalet i Uskedalen.
Oppteljinga etter Kyrkjevalet 2023 er klart. Av totalt 746 med stemmerett i Uskedalen var det berre 37 som nytta seg av retten å vera med i valet av nytt sokneråd. Det utgjer ei valdeltaking på 5 %. Med sju namn på lista kjem alle med i soknerådet, fire faste medlemer og tre varamedlemer. Konstituering med val av leiar, varaleiar, skrivar og kasserar vert gjort på fyrste møte etter valet. Sjå namnelista under:
Faste medlemer:
- Jon Harald Kjærland
- Kristian Bringedal
- Eli Roseth Eik
- Liv S. Eik
Varamedlemer:
- Lars Haugland
- Hallgeir Snilstveit
- Arne Møller
Tekst/nett: Kristian Bringedal