MS JOHAN RUUD - på kryss og tvers i Storsund på leit etter gamle ruser og garn.
Mange merka seg eit farty på kryss og tvers i Storsund for knappe to veker sidan. Det var MS JOHAN RUUD, med 44 års i teneste som havforskingsskip, som sokna etter gamle teiner, ruser og garn på botnen. Green Bay i Lillesand eig og driftar skipet. Oppdraget i Storsund var å finna og dra opp ruser og garn utan eigar som står og fiskar på botnen. Attgløymde ruser og garn er eit aukande problem. Dette fiske er brot på dyrevelverdslova. JOHAN RUUD var ei tid eigd av Leif Einar Lothe ( Lothepus ) i Odda. Han hadde planar om å bruka skipet på ekspedisjon i Nordvestpassasjen. Planane vart skrinlagde og fartyet fekk ny eigar i Lillesand. Green Bay har to båtar til som mellom anna er i oppdrag i skjærgarden med rydding.
JOHAN RUUD, bygd i 1977, har namnet etter havforskar Johan Tidemand Ruud. I mange år brukte Universitetet i Trømsø båten i forsking og i utdanning av marienbiologar. Fyrste toktet gjekk i 1979. Etter over 40 års drift vart skipet lagt til kai før nye eigarar var på plass.
Etter opphaldet i Storsund er JOHAN RUUD observert i Kvam i samband med den store ryddeaksjonen Hald Hardangerfjorden rein.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Harald Sætre