Søknadsportalen i SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad er open.
Søknadsportalen er open og dei som har gode prosjekt, kan gjera seg klar med god planlegging og gode søknader. Styret i SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad skal i haust dela ut heile 9 millionar kronser til gode prosjekt som er med og løftar frivillig innsats og engasjement. Søknadsfristen er 3. oktober. Alle må bruka søknadsskjema som ligg på heimesida deira. Mange gode tiltak i Uskedalen er tildelt gåve. Størst av alle er prosjektet Gull av grus med mange delelement, no sist rulleparken som vart opna laurdag 26. august.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal