Ole Haukenes Eik frå Uskedalen tok fagprøven i tømrarfaget med karakteren "Bestått meget godt".
Ole Haukenes Eik, nr. 2 f.v. ( 20 år ) frå Uskedalen er ein av Byggern Teigen sine tre lærlingar i tømrarfaget som har teke fagprøven med topp reslultat. Dei to andre er Mats Seljestad Petterson og Vetle Aarre Alekesandersen. No er dei sikra fast jobb i verksemda. Fagleiar, Even Stensletten, også frå Uskedalen er godt nøgd med dei gode resultata. Fagprøven innheld ein teoridel og ein utføringsdel. I læretida har dei fått vore med på mange og varierte prosjekt. Gutane har utfordra kvarandre i arbeidet fram mot toppkarakter. No tek den verkelege arbeidsdagen til der ein må jobba meir sjølvstendig som handverkar
Tekst/nett: Kristian Bringedal Kjelde/foto: Karoline Gjerde Eik - Grenda