På laurdag er det Bygdadag mellom kl. 11-14. Vi har tru på at det er noko for alle aldrar. Her kjem Br. Musland med køyretøy og brannbilen kjem. Du kan prøve instrumen av skulemusikken og teikne med soknerådet, dei har også med seg ein maskot. Uskedal utvikling, helselaget, ungdomslaget og friluftslaget har stand, og førehandssal av bok kan du fikse hos historielaget. Lurer du på korleis Selstad arbeider, så sjekkar du ut standen deira. Du kan slå av ein prat Hjønnevåg og Spar Uskedal, kanskje dei byr på noko spennande.

Det blir natursti i sentrum, og denne heng heile laurdagen. På runden kan du sjekke ut Gro’s blomster med mykje fint både inne og ute. Svarskjema til naturstien leverer du inn på Spar etter kl.14. Aktiv kan du også vere på kunstgrasbanen, eller sjekke ut korleis treningsforholda er i styrkerommet før hausten kjem.

Nokre klokkeslett å notere seg

Vi håpar på sol, og kanskje det då kan komme eit hoppeslott også

  • Kl. 11.00: Opning av standane med mellom anna biletpresentasjon frå arbeid og bruk av Stemneplassen i Skårhaug ( 49 moh. )
  • Kl. 11:30 får du høyre musikanter frå skulemusikken.
  • kl: 12:00 er det opning av Pumptrack.
  • kl. 14.00: Trekking av vedlotteriet v/ Uskedal Friluftslag

Dersom andre har aktivcitetar som skal inn i tidsplanen, sei frå.

Tekst/foto: Styringsgruppa
Nett: Kristian Bringedal