Uskedalen er sett opp med førehandsrøysting torsdagane 24. og 31. august, kl. 15 – 18 ved SPAR. Hugs å ta med legitimasjon. Dersom du ynskjer det, kan du ta med valkort, men det er ikkje noko krav. Legitimasjon kan vera pass, førarkort og bankkort med bilete. Det er også lagt opp til ambulerande røysting for dei som ikkje kan røysta på grunn av sjukdom eller uførleik. Dette er noko ein må melda frå om til valadministrasjonen innan torsdag 7. september kl. 15.00.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal