Tok slekt og vener med til Mannsvatnet for fiske og friluftsliv.
LIv og Audun Eik gjer mykje for at sommargjestene skal trivast. I denne veka tok dei slekt og vener med til Mannsvatnet for fiska og det å oppleva fjellet i Uskedalen på ein fin sommardag. Kvelden før var Audun til Mannsvatnet og sette garn, som var klar for trekkjing dagen etter. Det var 37 fine fiskar på garn, oter og spinner. Halvparten av aurefangsten hadde raudt kjøt. Menyen sa seg sjølv: Kalde nypoteter, grilla fisk og rømme. Plassen for måltidet var sjølvsagt på fjellet ved lagshytta Fjelly. Dagen var ei flott oppleving for tilreisande sommargjester.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat