5. klasse las diktet Ved Bautasteinen. Viljar og Sakarias la ned blomekrans.
Minnemarkeringa ved Bautasteinen samla mykje folk trass kjølig og litt surt ver. Programmet var tradisjonelt med 5. klasse si framføring av diktet Ved Bautasteinen, skrive av Olaf Agnar Gausvik. Viljar Berge-Soldal og Sakarias Koløy hadde det høgtidlege oppdraget med å leggja på blomekransen. Uskedal Musikklag spelte til nasjonalsongane og framførte fleire marsjar, slik det høver seg på Nasjonaldagen. Per Korsvoll frå Styringsgruppa leia minnemarkeringa.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal