Verdig markering på Stemneplassen med tale av Kristian Øvstebø og musikkinnslag av Nils Rainer Vågen.
Grunnlovsdagen i Uskedalen starta med minnemarkering på Stemneplassen. Nils Rainer Vågen framførte solo Ut mot havet med tekst av Edvard Fliflet Bræin, melodi: Henrik Straumsheim. Kristian Øvstebø heldt minnetalen. Som i fjor har redaksjonen valt å leggja ut talen slik den vart sagt fram i dag på 17. mai. Meir frå 17. mai feiringa kjem i eigne innlegg.
Kjære landsmenn, ærede gjester og alle som feirer vår nasjonale festdag, I dag samlast vi her for å feire 17. mai, ein dag som er djupt forankra i vår felles historie og som symboliserer vår kjærleik og stoltheit for fedrelandet Noreg. I dag ønsker eg å ta dykk med på ei reise gjennom tid og minne, og reflektere over tydinga av denne dagen. La meg begynne med å nemne Minnesteinen på Stemneplassen. Denne monumentale steinen, reist i 1995, ved 50-årsjubileet for freden i 1945. Steinen vart funnen i utmarka på Myklebust og ber med seg historia om ein modig sjømann ved namn Hans Laurits Landa. Han omkom på “Norse King” under jule- og nyttårshelga i 1942 ved Azorene i Atlanterhavet.
Vi veit at han er den einaste frå Uskedalen som mista livet i krigsåra 1940-1945. Denne minneplata, laga av Thor H. Myklebust, minner oss om ofra og heltemotet til dei som kjempa for vår fridom. Landa representerer òg alle dei sjøfolka frå Uskedalen som segla i krigens farvatn. Ti modige sjeler som risikerte alt for å verne om landet vårt. Men dei var ikkje dei einaste som bidrog i kampen mot okkupasjonen. Vi hadde òg dei mobiliserte soldatane frå 9. april 1940 og dei som deltok i ulovleg motstandarbeid. Desse menneska, med sine handlingar og ofra, forma vår nasjons historie og la grunnlaget for den fridomen vi nyter i dag.
Sjølv har eg ikkje så mykje familie i Uskedalen, men eg har eit skriv frå Torni som i dag e 90 år. Ho var systera til bestefaren min Nils då han levde. La oss no ta eit steg tilbake i tid. Den 9. april 1940 er ein dag som for mange var traumatisk. Sjølv som eit barn på 7,5 år gjekk eg i første klasse og hugsar tydeleg då nyheita om den tyske invasjonen nådde oss i Åkra.. Som dei yngste i familien forsto vi ikkje heilt alvoret i situasjonen, men ansiktsuttrykka til våre foreldre bar preg av alvor. Min nest eldste bror, Kjeran, vart mobilisert, og mor følgde han ned til kaia. Min andre bror, Nils, vart att for å passe på dei yngste blant oss.
Skulen vart stengt, og ein stillheit senka seg over heile landet. Far vart plutselig opptatt med mykje forskjellig, men vi alle forsto at noko var gale. Før 17. mai det året var det dystert i huset, og alle lengta etter at Kjeran skulle kome trygt heim. Vi var ein av dei heldige familiane, og då vi fekk beskjed om at Kjeran skulle vere tilbake før 17. mai og at han var uskadd, vart gleda og letta overveldande.
Kjære vener. I dag feirar vi ikkje berre ein historisk siger, men òg vårt fellesskap og nasjonale identitet. 17. mai er ein dag der vi foreinast som eit folk, der vi feirar vår fridom, vår kultur og verdset dei verdiene som definerer oss som nordmenn. Det er ein dag der vi hyller våre helter, både dei som kjempa i fortida og dei som i dag tenestegjer i våre forsvarsgreiner. Det er ein dag der vi uttrykker takksemd overfor dei som har lagt grunnlaget for det samfunnet vi lever i. Detta er grunne til at dåke i bunad kan representera dei flotte nasjonale fargane vore, og dåke andre i dress kan feira at vi e et sjølvstendig land.
La oss ikkje gløyme at denne dagen handlar òg om å inkludere kvarandre og verdsette mangfaldet i landet vårt. Vi feirar fridomen til å vere oss sjølve og til å uttrykke våre unike identitetar. La oss styrke banda mellom generasjonane og gi våre born og barneborn håp for framtida.
Kjære alle saman, i dag markerer vi ikkje berre vår nasjonale festdag, men vi feirar òg det fantastiske landet vi er ein del av. Vi feirar Noreg – landet med si rike natur, si historie, si kultur og sine flotte folk. Gratulerer med dagen, kjære landsmenn! Hurra for Noreg, vårt elskede fedreland! Takk.
Tekst: Kristian Øvstebø Foto: Thor Inge Døssland Nett: Kristian Bringedal