Hugs påmelding til dansen i Helgheim, laurdag 4. mars.
Dansegjengen har vind i segla. Laurdag 4. mars vert det skipa til ny dans med TRINITY i Helgheim. TRINITY står for god og variert dansemusikk. Dørene opnar kl. 20 og dansen startar straks etter. I pausen vert det servert kaffi og kake. Truleg vert det lagt inn eit lotteri. Dansen, som er for vaksne, vert definert som eit slutta lag. Ragna Volden ynskjer difor påmelding. Inngangsprisen er kr. 300,- Bruk VIPPS: 938 55 077. For meir informasjon: Ring Ragna Volden på det same nummeret.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal