Soknerådet i samarbeid med kantor Eva Megyesi skipar til ny salmekveld i kyrkja tysdag 21. februar kl. 18.30. Denne gongen legg vi vekt på salmeynskje. Har du ein favorittsalme, ein salme som har vore eller er viktig for deg, meld frå og vi legg den inn i programmet. Det kan til dømes vera ein kjær salme frå barndom og oppvekst, eller ein salme frå ei viktig hending i livet. Ein salme kan vera til glede, trøyst og inspirasjon. Å kjenna att salmen med tekst og melodi er viktig for mange. Har du salmeynskje ? Meld frå til Uskedal sokneråd v/ Kristian Bringedal : Mobil: 915 31 487 eller e-post: kristian.bringedal@gmail.com

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal