Eit rotvelta tre i den turmerka stien langs Eikeelva til Flåtene har gjort det litt vanskeleg å passera. Det er på Eikesida nokre hundre meter før den siste oppstiginga før du kjem til sjølve Flåtene. Ingrid og Steinar Kroka tok jobben med oppskjering og rydding i turtraseen. Steinar fortel til uskedalen.no at det å arbeida med rotvelta tre, kan vera skummelt. Det er stor kraft og spenn i trestamma. Difor er det klokt å ha med nokon som ser på, om noko uventa skulle skje. No er alt rydda. Ein større brakje i stien ned til gangbrua er også skoren ned.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Steinar Kroka