I går, laurdag 7. januar, var det opplasting av ovnar, aggregat, senger, laken, varme klede og mykje meir på THK traileren ved lageret i Uskedalen. I forkant har ein køyrt Kvinnherad på kryss og tvers og henta tyngre varer med bil og hengar, tilsaman nær på 30 ovnar og 5 aggregat. Med traktor og frontlessar kom innsamla varer trygt på plass i varerommet på lastebilen. Hjelpesendinga med avreise frå Haugesund 20. januar går til grensa mellom Polen og Ukraina for omlasting og vidare transport fram til Korosten.

Traktor med frontlessar kom vel med med lasting av ovnar og aggregat.

Tormod Myklebust i THK stiftelsen fortel at gjevargleda har vore stor. No vert det sett stopp for innsamling av ovnar. Så lenge THK har lageret i Uskedalen, kan den vanlege innsamlinga av lettare varer halda fram. Nokre verksemder har meldt frå om at dei kjøper og gir aggregat, som vert sendt direkte til Haugesund med godsbil. Roald Haustveit kjem med eiga sending frå Hardanger. Det har han gjort før og no gjer han det på nytt.

TIDE sjåførane trør til og er til stor hjelp ved lastinga av THK traileren.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal