Spar Uskedalen/Uskedalsida sin julekonkurranse 2022, del 1.
Då er det tid for å publisera første av tre deler i årets julekonkurranse. Som tidlegare år er det Spar Uskedalen som stiller med velsmakande premiar som blir trekt ut til vinnarane den 29.desember. Frist for innlevering av svar er 28.desember kl.18.
I dagens konkurranse gjeld det å plukka ut dei feite blå bokstavane og stokka dei i rett rekkefølge slik at det blir eit ord som har relasjon til jula.
Del 1:
- Julagrano i Uskedalen er den klart vakraste som finst i mange mils omkrins!
- Julebrøda på San` en smakar heilt fantastisk med både kvitost, brunost og sirup.
- Gros Blomster hadde så mykje nydelege blomar og dekorasjonar no til jul.
- Elin hadde det ekstra travelt no i førjulstida.
- På Zjakk trylla dei fram nydelege frisyrar på kundar frå heile distriktet.
- Hjønnevåg bruka berre dei beste råvarene frå havet for å levera gode produkt ut til kundane.
- På Brekketoppen syt Auto 88 for at vi får ordna alt med bilen.
- Kvinnherad Vekst AS ordnar med alt frå klesvask til spikar og nydelege kaker.
- Sigurd Myklebust selde rekordmange tilhengarar i år.
- Mange gler seg til å sjå Bjørgulv i hovudrollen i «Dreng som duger» når dei går på scenen15.januar.
- Døme: Vi ønskjer alle ei fredeleg og god julehøgtid. (Svar: lefse)
Svar frå alle tre delene skal leverast samla. De kan levera på følgjande måtar innan 28.12.22 kl.18.
- Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
- Send svara frå alle tre dagane på epost til: thordossland@gmail.com
- Send svara samla som melding på messenger til underteikna.
Premiering:
- Hovudpremien blir trekt ut blant dei som har delteke og levert rett svar på meir enn 80 % av oppgåvene som blir presentert alle dei tre dagane.
- Andrepremien, den andre posen som Gunn Mari held på bildet, går til den som har flest rette totalt. Viss fleire er like, blir det loddtrekning.
- Trøystepremiar(Flaxlodd). Det blir trekt ut tre trøystepremiar. For å bli med i loddtrekninga, må ein ha 70% eller meir rette svar.
Lukke til!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland