Vi er i gang med siste veke før jul, og no kan vi trygt seia at innspurten er begynt. Det gjeld også adventskalendaren. Etter dagens trekning er det berre 10 gevinstar igjen, men dei er til gjengjeld veldig flotte. Så spenninga berre stig!! Den nydelege strikkagensaren på bildet er ein av dagens gevinstar. Den er i storleik S. Den andre vinnaren stiller sterkt neste gong han skal på Husnes Storsenter og handla. Den gevinsten er nemleg eit gåvekort på heile 1000,-kr gjeve av Uskedal Eigedom.

Dagens vinnarnummer er:

  • Den flotte gensaren går til eigaren av kalendar med nr. 578.
  • Gåvekortet på 1000,-kr, gjeve av Uskedal Eigedom, er vunne på nr. 693.

Vi gratulerer dei heldige vinnarane så mykje!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kjell Harald Tungesvik