Men boka kan sjølvsagt kjøpast på SPAR USKEDALEN

På grunn av sjukdom må standen med salg av Uskedalsboka “Den nære fortida” avlysast i dag. Skriftstyret i Uskedal Historielag beklagar dette, men avlysinga vil ikkje skapa problem for dei som ønskjer å kjøpa boka. SPAR Uskedalen sel boka, og ved å henvenda seg i betjent kasse (kasse 1), vil den hyggelege betjeninga ordna med bok. Det blir truleg ikkje mogeleg for skriftstyret å ha ny stand før jul.
Det er framleis nokre få som ikkje har henta førehandskjøpte bøker. Dei kan kontakta Thor Inge Døssland eller ein annan i skriftstyret så blir det ordna. Hos medlemmene i skriftstyret kan ein også få kjøpt boka, i tillegg til SPAR Uskedalen, Rosendal Bokhandel og Nordli Husnes.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland