Tenk om du kan vera ei nabohjelp med snømåking og strøing.
Mykje snø og seinare mildver med slaps og is gjer at mange eldre og einslege kvir seg med å koma seg ut. Då kan nabohjelpa vera ei god løysing. Finn fram snøskuffa og kosten og ver frivillig i nærområde der du bur. Frivilligsentralen på Husnes har mellom anna til oppgåve å formidla hjelp til dei som spør og som treng det. I Uskedalen vil ofte den lokale nabohjelpa vera ei vel så god ordning. Dei fleste er godt kjende i burettslaget og i grenda. Du veit kven som sit åleine. Ta kontakt eller berre gjer jobben.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal