Heile ti lokalhistoriske bokprosjekt vart presenterte på Noril Husnes si bokmesse i dag. Uskedal Historielag selde boka Den nære fortida, i samarbeid med Norli Husnes. Boka sel godt. Skriftstyret reknar med at om lag 400 bøker av eit opplag på 600 er selde. Sal av boka er ein ting. Like viktig er det å vera synlege og profilera Uskedal Historielag som eit nyskipa lag med mål om å samla, registrera, arkivera og formidla minnestoff frå eldre og nyare tid. Med på bokmessa i dag var:

  • Kvinnherad Sogelag med årboka Kvinnhersminne
  • Skimtivs forlag v/ Kristian Hus
  • Magne Heien med diktboka Gjest
  • Morten Nygård med 3 bøker om kyrkjegardane i Kvinnhead
  • Arne Torget med Kanskje fuglane vett
  • Uskedal Historielag med boka Den nære fortida
  • Anders Totland med boka Til jord skal du bli
  • Marit E. Totland med boka TAP – historisk roman
  • Lars Jostein Rørvik med krigshistoriske bøker på Kapabel forlag
  • Kristian Hus med Geir Hus sine bøker om Haukelivegen
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal