I dag i 09 tida kom julebåten OTTO SVERDRUP inn Storsund på si nest siste reise til Rosendal i 2022. Skipet var julepynta med lys og stjerne montert i toppen. Julebåten er eit kjent omgrep frå den tida då eit av Amerikalinja sine passasjerskip kom til Bergen, Stavanger og Oslo dagane før jul. Skipa var alltid pynta med lys og juletre i toppen. Mykje folk møtte fram for å ta imot slekt og vener frå USA eller berre for å sjå skipa leggja til kai. Kring 1970 var det slutt og eksisterande skip frå NAL på den tida gjekk inn i cruisefarten. Skipa var også å sjå på sine turistreiser på Hardangerfjorden. Julebåten i dag høyrer til Hurtigruten og hadde lenge namnet FINNMARKEN.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal