Mange spør om det vert ny framsyning av Dreng som duger.
Etter den populære framsyninga av komedien Dreng som duger på Bjørgulv Eik sin 90 årsdag, er det mange som spør om det vert ekstra framsyning med det fyrste. 90 åringen spelar sjølv hovudrollen som det godlynne drengen som vil det beste for alle og som hjelper til i vanskelege situasjonar. Drengen på garden er morosam, kjapp i replikken og han kjem på mange påfunn. Dreng som duger er skriven i 1934 av Jørgen Vikør frå Kvam, same forfattaren som skreiv På Listøl. Så langt vi er kjende med, vil spelgruppa og ungdomslaget finna ei høveleg tid for ei framsyning før jul. Bilete syner f.v: Hans Reidar Kjærland, Møyfrid Kristoffersen, Bjørgulv Eik ( drengen ), Randi Ljosnes og Magne Eik.
Tekst/nett: Kkristian Bringedal Foto: Anita Enæs