Kvinnherad senioruniversitet har novembermøte i Rosendal Samfunnshus torsdag 10.11. Gjest denne gongen er Knut Yngve Børsheim, seniorforskar ved Havforskingsinstituttet i Bergen. Børsheim er ein erfaren havforskar, kjent i  inn – og utland og ein sentral deltakar og forfattar i ei av arbeidsgruppene  i FN sitt klimapanel som kom med ny rapport no i 2022.

Tittelen på foredraget er “FNs klimapanel og konsekvensar av global
oppvarming i våre nære havområde”.    Klimapanelet til dei forente
nasjonar har jobba med den globale klimautviklinga i 34 år. På denne
tida har dei jamleg kome med nye rapportar som syner ein auke i
temperaturen på jorda og i havet.


I 2019 kom ein spesialrapport der ein slår fast at havet har ein enorm
betydning for klimaet. Sidan har ein forska vidare på kva konsekvensar
dette har for m.a. havnivået og fisken. Foredraget vil ha to hovudtema:
1. Klimapanelet si historie og viktige milepælar
2. Status og prognosar for våre nære havområde
Etter  foredraget vert det sosialt samvere og enkel servering i
vestibylen. Senioruniversitetet er ope for alle som har lyst og høve til
å møtast om eit aktuelt emne,  på ein torsdag føremiddag kl. 11.00.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal