Åge Aleksandersen og Terje Tysland sitt første møte med Uskedalen.

Rundt 1970 kan vi vel seia at det var stordomstid for dansefestar i Helgeheim. I tillegg til dansearrangement ein del laurdagar var det faste torsdagsdansar med langvegsfarande og ganske kjende orkester kvar torsdag fleire somrar. Desse samla svært mykje folk, noko av dette kom nok av at Søral hadde svært mange sommarvikarar på denne tida. Fleire gonger var det opp mot 500 hundre betalande, og i alle fall ein gong var det over 530. Då var det ein amerikasnk country-artist som var trekkplasteret. Dansane blei arrangert som samarbeid mellom Uskedal idrettslag og Uskedal ungdomslag, og eg hugsar Torfinn Myklebust og Gunnar Eik som to viktige drivkrefter.
Mellom banda som var på scenen i Helgheim var trøndarrockens fedrer, Prudence, med mellom anna Åge Aleksandersen og Terje Tysland. Denne spelinga er omtala i den nær 600 sider tjukke boka om dette viktige og legendariske bandet som nyleg kom ut. Bildet over viser Prudence ved Vøringsfossen under turnèen då dei spela i Helgheim.

Det var torsdag 1. juli 1971 Prudence besøkte Uskedalen. Det var einaste gongen bandet spela i Kvinnherad, men både Åge Aleksandersen og Terje Tysland har gledd musikkelskande publikum både i Uskedalen og i Kvinnherad elles seinare i karriera. På Stord spela Prudence heile 4 gonger, og også Odda, Tyssedal og Ølen har hatt besøk av Prudence. Til saman hadde dei 27 spelingar i Hordaland i følge boka.

Sjølv var eg medhjelpar for arrangørane på dansen slik mange av mine jamaldringar var, men eg let ein trønder med namn Svein Arntsen skildra opplevinga slik han gjer det i boka: “Lokalet var et okerfarga hus opp mot en bakke; muligens huset til det lokale ungdomslaget. Det var helt overfylt, og jeg husker at vi (en gjeng trøndersk ungdom fra Steinkjer gymnas på sommarjobb ved aluminiumsverket på Husnes), satt på bakken oppfor ungdomshuset. Det var satt opp høytalere v/inngangen til huset, og publikum sto/satt som en vifte derfra og oppover i bakken. Veldig spesielt og stor opplevelse for stolte trøndere! Prudence bare hørte vi, og så når de ankom!”

Ein annan som fekk med seg denne opplevinga var den velkjende dansemusikaren og danseinstruktøren Torstein Løning frå Ølve. På den tida spela han i Musical Enterprice som var veldig populære i heile Kvinnherad, og det var garantert suksess når dei spela i Helgheim, Dalheim eller andre danselokale i kommunen. Torstein skriv i boka: “I 1970-åra var det mange dansar i Kvinnherad, særleg om sommaren. Gjerne fekk dei namn etter dansedagen t.d. “tysdagsdans” eller “fredagsdans”. Torsdag 1. juli 1971 var eg i Uskedalen og dansa etter Prudence. På denne tida budde eg i Bergen der eg var med i eit orkester som spela til dans. Eg var heimom Ølve ein tur då eg les danseannonsen i lokalavisa. Dermed tømde eg orkesterbilen for speleutstyr, slengde inn luftmadrass og sovepose, og reiste med ferje over Hardangerfjorden for å gå på dansen i Uskedalen. Eit humoristisk innslag var “Lutafisken lengtar etter havet”. Melodien gjekk i valsetakt og refrenget var: “Lutafisken lengta etter havet, lutafisken lengta hjem”. Det var Åge Aleksandersen som song, og kanskje nokon andre i orkesteret.”

Utsnitt frå boka.

Kor store musikarar som var i Helgheim denne kvelden, forstod vel ikkje alle av oss publikummarar før litt seinare. For langt fleire enn underteikna blei dei verkeleg store favorittar!

Middag åt det kjende orkesteret på Anker Kafè, driven av Helga Haugland, som var ein viktig samlingsplass i i bygda på denne tida. Eg veit at Astrid Døssland var ei av dei som serverte, men kva dei åt kan ho ikkje minnast.

Boka “Prudence, The Hairy Fairies – Day-by-Day”, av Børge Skilbrigt og Erland Alexander Heir er kommen ut på Absolutt forlag.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Fotoutsnitt frå boka